Alle innlegg av Asborg Kroken

Frikyrkjeleg konfirmantundervisning i Vest-Telemark

Vår pastor Alf Jul Jakobsen startar opp konfirmantundervisning med opplegget til TENTRO.
Fyrst blir det ei offentleg samling med informasjon for foreldre, konfirmantar og andre interessera. Den samlinga blir måndag 26. aug. kl. 19.00 på Betania Øyfjell.
Denne samlinga blir også kunngjort i Vest-Telemark blad, Varden og TA, og på menighetens Facebook-side.
Har du spørsmål, kontakt Alf Jul på mobil 472 85 456.

Velkomen!

Ny pastor i Betania Øyfjell

På vårt årsmøte 31. mars 2019 blei det valt ny pastor for Betania Øyfjell. Det er Alf Jul Jakobsen, som også er pastor for Elim i Høydalsmo og Eben Ezer i Lårdal.
Ved at Alf Jul er pastor for tre menighetar, vil det bli litt samkøyring på nokre område, bl.a. sundagsmøta. Vi har også valt inn to nye medlemar i leiargruppa i menigheten, og har så smått kome igang att med å planlegge framover.
Vi i Øyfjell er veldig takksame for at vi no har pastor att, etter at vår kjære unge pastor Ole Dalen døde ifjor etter berre vel eit og eit halvt år ved roret.