«Minnes du sangen» på Fyresdal kurs og leirsted

Fredag 24. til sundag 26. mai arrangeras «Minnes du sangen» på Fyresdal kurs og leirsted.

Songarar er Randi og Hjalmar Johansen, Anne Kristin Lindberg, Judith Myrseth, Salig Blanding, Felleskor m.fl. Berner Solaas talar.

Det startar med kveldsmat fredag kl. 18.00 og med song kl. 19.30. Så går det slag i slag med tre songsamlingar på laurdag, sosialt fellesskap på kvelden, og møte på sundag kl. 10.30, og avsluttar med lunch kl. 13.00.

Bestilling av rom for dei som vil overnatte på hotellet kan gjerast enten på epost til post@fyresdalkl.no, eller på telefon 35 60 97 77, eller Jostein på 415 16 777.

Campingplassen er open for dei som vil ligge i vogn eller telt.

Ny pastor i Betania Øyfjell

På vårt årsmøte 31. mars 2019 blei det valt ny pastor for Betania Øyfjell. Det er Alf Jul Jakobsen, som også er pastor for Elim i Høydalsmo og Eben Ezer i Lårdal.
Ved at Alf Jul er pastor for tre menighetar, vil det bli litt samkøyring på nokre område, bl.a. sundagsmøta. Vi har også valt inn to nye medlemar i leiargruppa i menigheten, og har så smått kome igang att med å planlegge framover.
Vi i Øyfjell er veldig takksame for at vi no har pastor att, etter at vår kjære unge pastor Ole Dalen døde ifjor etter berre vel eit og eit halvt år ved roret.